Eldalstunet

Eldalstunet er ei familiebedrift.

Vi driv gardsdrift med kyr og sau,og held landskapet i hevd. Brukarar er Marit Eldal og Henning Skilbrei,

med borna: Anders, Daniel, Eirik og Hans.

Marit er dotter av dagens kårfolk, Alvhild og Einar Eldal.


I tillegg lagar vi ulike husflidsprodukt av tre,

frå eigen skog, som vert rosemåla med gamle,

tradisjonsrike mønster frå vårt eige dalføre.

Viksdalsmåling er ein eigen stilart.

I kjellaren har vi eit utsal med våre eigne produkt, samt eit lite utval av anna lokal, god husflid og handverk, litt krydder og heimelaga syltetøy.


Vi har også godkjent kjøkken og serveringslokale

med god plass til 60-70 gjestar.

Der serverer vi tradisjonell mat, laga av lokale råvarer.

Vi håpar du vil trivast her hos oss!





Kontakt oss

E-mail: hennskil@frisurf.no

Mobil: 911 95 578

Telefon: 57 71 76 03

Adresse: Eldal, Viksdalen, 6978

 

 

Meir informasjon:
 

hovhyttegrend.no

sunnfjord.no

viksdalen.no

turistveg.no

fosseheimen.no

tuftegarden.no